Lange varme dagar i ferien – hindre heteslag for din hund

Heteslag er ein livsfarleg tilstand hjå alle dyr, og oppstår når kroppen ikkje greier halde kroppstemperaturen normal. Mennesker kan svette ut noko overskotsvarme, men hundar har få svettekjertlar og kan ikkje regulere kroppstemperatur på same måte. Hundar regulerar kroppstemperatur mest ved pesing, og via slimhinnene i snute, tunge og munn. Når dei vert varme aukar spyttreduksjonen, det gir ei effektiv avkjøling men kan og gjere hunden uttørka.

Mest vanleg i bil

Mest vanleg er heteslag som oppstår fordi hunden sit i ein varm bil. Det skal lite temperatur til før det blir varmt i bilen, og det er ikkje nok å ha eit vindauge eller to ope. Temperaturen vil auke raskt, og det tar berre minutter før det er alvor. Er det meir enn 17-18 grader ute bør du ikkje sette hundar eller andre levande vesen att aleine i bilen utan tilsyn. Vær og obs på om hunden sit i bagasjerommet i bilen så kan klima der vere ganske annleis enn i førarsetet når de er ute og køyrer.
Heteslag kan og oppstå om hunden står ute i hage utan tilgang på skugge, eller om den må anstrenge seg hardt når det er varmt. Særleg er rasar med kortare snute utsett.

Teikn på heteslag

Dei første symptoma er pesing, tørste og at hunden prøver oppsøke kaldt underlag, som t.d. å legge seg på kalde golv, dei siklar gjerne meir enn normalt for å avkjøle seg.
Større teikn på heteslag hjå hundar er rask pust og pesing, store mengder sikling, bleikt eller farga tannkjøt, kollaps, oppkast og diaré. Du bør umiddelbart søke veterinærhjelp og prøve kjøle ned hunden forsiktig på veg til veterinær.

Forebygg

Ideelt sett – aldri ta med hunden i bilen når det er varmt, og ikkje ta den med når du “berre skal på butikken”. Ting tar ofte lengre tid enn planlagt.
For å hindre heteslag for din hund må du passe på temperatur. Hunden skal alltid ha tilgang til vatn, skugge og luftsirkulasjon når det er varmt. Parker i skugge, bruk silvershade/sølvduk over bilen når du står parkert og ha vindu opne. Ha hyppig tilsyn – det skal ikkje mange minuttane til før temperaturen kan doble seg.

Behandling

Veldig milde symptom kan du behandle sjølv. Hald hunden i ro, pass på at den har vatn, kjøl ned med kjøleg (ikkje iskaldt) vatn. Du kan legge våte handdukar på bakken til hunden som den kan legge seg på, bytt ut når dei vert lunkne.

Visar hunden fleire teikn så må den få tilsyn hjå veterinær. Kjøl ned så godt du kan med kalde handdukar eller kjølig vatn rett på kroppen, ikkje bruk is, medan du er på veg til dyrlege. Ta gjerne temperaturen hyppig, normal kroppstemperatur hjå hund er 37,5 til 39 grader. Sjølv om temperaturen går ned kan etterverknadane vere store.

Om du ser ein hund i bil

Min far gikk Besseggen ein sommar, og møtte på turen ei dame som lurte på når ferja gikk tilbake. Det var etter at siste ferje hadde gått. Ho kunne fortelle at ho hadde satt igjen hunden sin i bilen på parkeringsplassen og at turen hadde tatt lengre tid enn ho trudde (Turen tar 6-8 timar) og at no var ho begynt å bli bekymra. Dette var heldigvis ein dag med betre temperatur og overskya, så mest truleg gjekk det godt til sist, men å sette att hunden i bilen for å gå tur aleine ein sommardag er noko av det mest håplause eg har høyrt om.

Det er heldigvis mogleg å få tak i kven som er eigar av ein bil, om du ser ein bil med hund i som treng tilsyn. Hjå vegvesenet sine sider kan du enten logge inn og søke opp registreringsnummeret, eller du kan sende ein sms til 2282 med kodeord Regnr etterfulgt av mellomrom og registreringsnummeret på bilen.

Får du ikkje kontakt kan du høyre med politiet på nr 02800. Er det akutt kan du knuse vindu og hjelpe.
Merk at fleire moderne bilar har “hundemodus”, med klimaanlegg som står på, så gjer ei vurdering av situasjonen først.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *