Tid til annan får eg spørsmål om hundar faktisk kan og bør ete tygg med pels. Og svaret er kjempe-ja!
Eg veit ikkje om det er den litt større distansen til råvarene som gjer det, men eg har fått inntrykk av at nokre tykkjer det er vanskeleg å gi hunden tygg med pelsen på, som til dømes våre kaninøyrer med pels. Eg kan og forstå at det virkar ulogisk å gi hunden noko som dei ikkje kan fordøye, for hårpelsen er ufordøyeleg for hundane.
Men ikkje berre er det mogleg, det er og veldig lurt! Tygg med pels har mange fordelar, og er nyttig for mage, fordøyelse, tarmar, hud, pels, hår og musklar! Her er nokre av dei viktigaste grunnane til at litt pels på godbiten kan vere ein fordel for hunden din.
1. Naturleg tannreingjering
Når hunden tygg på eit kalveøyre med pels, får tenner og tannkjøt ei grundig reingjering. Dette gir ekstra tannpleie som kan vere nyttig for hundar som et tørrfôr eller våtfôr som lett kan setje seg fast mellom tennene. Pelsen på tygg fungerer som tannbørste og tanntråd for hunden din. Dei små håra gir ekstra friksjon som kan hjelpe med å fjerne tannstein og plakk og slik hindre tannkjøtbetennelse.
2. Støttar fordøyinga
Pels er uoppløyseleg fiber, og fungerer som ein slags «kostfiber» i mage og tarm. Bringing the “kost” into “kostfiber” baby!
Pelsen “kostar” saman ufordøya mat og avfall, slik at det lettare vert frakta ut. Dette kan og hindre opphoping av uønska bakteriar og parasittar. (men er ikkje eit fullgodt alternativ til ormekur!) Dette gjer tarmen til ein sunnare stad der nyttige bakteriar kan trives og bidra til betre næringsopptak for hunden.
3. Fremjar optimal næringsopptak og faste avføringar
Med rein tarm og færre parasittar vil dei gode bakteriane i hunden sin tarmflora få betre levekår, noko som fremjar næringsopptak og eit sterkt immunsystem. Pels bidrar også til faste avføringar, som igjen legg trykk på endetarmen og uttrykker væske frå analkjertlane naturleg. Dette kan førebyggje analkjertelproblem og ubehag hos hunden.
4. Naturlig proteinkjelde
Våre tygg med pels, som kanin-, kalve- og lammeøyrer, er rike på protein og inneheld viktige næringsstoff for hunden din. Det er eit lettfordøyeleg og sunt alternativ til andre tygg som ofte inneheld tilsetningsstoff eller unødvendige ingrediensar. Desse naturlege tygga har ikkje berre eit høgt proteininnhald, men dei gir også hunden ein smaksrik godbit, som er sunnare og meir interessant for hunden.
Oppsummert!
Naturleg tygg med pels kan verke noko unormalt ved første augekast, men dei gir fleire helsefordelar for hunden. Frå tannreingjering til sunn fordøying og parasittbeskyttelse – pels på godbiten kan vere eit naturleg og nyttig tillegg i hunden sitt kosthald.
Me har kalveøyrer med pels, kaninøyrer med pels og lammeøyrer med pels!
Me står inne for at råvarene er sunne, bærekraftige, kortreiste og godt behandla.