Treningsgodbitar av Simmental storfe
Simmental er og kjent som “the best meat from the alpine mountain pasture”
Dette er ein perfekt måte å belønne hunden for riktig atferd i trening! Uimoståelege 100% naturlege kjøtbitar! Oppdelt i små bitar, bevarar deilig smak og aroma.
I Tyskland, Østerrike og Sveits er Simmental framleis ala i alpane. Dei går fritt i fjella og mosjonen gir eit mørt og saftig kjøt med ein optimal balanse mellom feitt og musklar. Dyra går kun innandørs vinterstid, heile resten av året finn du dei i Alpane opp til kring 2000 m.o.h, beitande på fjellgras og viltvoksande urter.
Desse godbitane er produsert i Østerrike. Her kan du gi godbitar med godt samvit, god dyrevelferd i botn, bærekraftig produksjon og naturleg innhald. 100% reint kjøt, utan korn, tilsetningstoff som skal mjukne eller oppbevare.
Passar godt til alle hundar, uansett rase, alder og størrelse.
Kvar bit er ca 1×1 cm.
Oppsummert:
- 100% Kjøt
- Ingen unaturlege tilsetningsstoff
- Glutenfritt
- Laktosefritt
- Høgkvalitetskjøt frå Østerrike
- Lettfordøyeleg
- Luktar godt
- Lett å porsjonere
- Perfekt for treningsøktene!
Ingrediensar:
Laga av 100% kjøt, utan korn, kjemikalier, preservativer eller andre tilsetningsstoff.
Naturleg innhald: Råprotein 66,8%, råfeitt 15,5%, råaske 4,3%
Reviews
There are no reviews yet.