Kortreiste nettsider!

Lange varme dagar i ferien – hindre heteslag for din hund

Heteslag er ein livsfarleg tilstand hjå alle dyr, og oppstår når kroppen ikkje greier halde [...]

Kortreiste nettsider!

Endeleg er dei nye nettsidene lansert!No har me jobba hardt for å gjere brukaropplevingane betre, [...]

Endeleg er dei nye nettsidene lansert!
No har me jobba hardt for å gjere brukaropplevingane betre, til ei meir intuitiv og engasjerande nettside.
Sjå deg rundt og bli kjend med dei fine produkta me har!

Kortreist, grønt og bærekraftig

Me har fylt opp med enno fleire snasne varer! Me fokuserar på grøne produkt, her finn du sunne og bærekraftige godbitar og leiker, utstyr til nosework, gode treningsprodukter for førar og hund og rett og slett varer som tar vare på både hund, førar og planet!

Kan me til dømes freiste med gode og knasne flyndrer? Ei ny favorittleike med ekte – bærekraftig saueskinn? Deilige godbitar til trening og kos?

Me er stadig på leit for å finne fleire produkt me kan stå inne for. Me held oss til så kortreist som mogleg, så mesteparten – eller sannsynlegvis alt – vil vere produkter frå norden og europa. Europeiske produkt held høg standard, kjøtindustrien har strenge reglar dei må forholde seg til som sikrar dyrevelferd i alle ledd. Her finn du trygge produkter, med helse i fokus. I alle godbitane ønskjer me vite kvar ingrediensane kjem frå, i leikane vil me vite kvar råvarene kjem frå.

Naturleg

Me trur på naturen, og ønskjer fokusere på å halde både fôret, godbitar og tygg så naturleg som mogleg. Det betyr høgt kjøtinnhald, produkt med gode næringsstoffer, utan konserveringsmidler og unaturlege tilsetningsstoffer.

Trening – aktivisering – nosework

Aktivitet er viktig, alle hundar treng ein jobb. Særleg er me opptekne av søkstrening, og me står og bak hundeskulen flyt hundetrening, som satsar stort på Nosework. Mental trening er godt for alle partar, og me har falt for korleis nosework spesielt gir hunden sjølvtillit og mestring.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *