Mjuk og deilig lærline som er super til søksline for Nosework, Smeller, Spor eller anna søksarbeid!
Særleg god for nybyrjarar eller dei som har hundar som treng at føraren går litt tett på.
I nosework er minimumslengd for linene to meter i konkurranse, ca fem mest anbefalt. Liner på mellom tre og fire meter er gode å byrje med for deg som er litt ny, det er mindre å halde kontroll på og lettare å starte ved å bli kjend med lengder og avstand til hund.
Denne lina er 5 meter lang, ca 0,8 cm brei og utan handtak. Merk at fargar kan avvike frå skjermen.
Storfelær frå europeisk storfe. Behandla med naturlege oljar som gjer læret mjukt og robust.
Dette er eit naturleg produkt som kan ha naturleg variasjon i farge og struktur.
Merk og at fargar vil kunne sjå annleis ut frå skjerm til skjerm.
Reviews
There are no reviews yet.